Kvalitetskonferansen

Kvar haust arrangerer  Kvalitetsutvalet i Helse Førde;  Kvalitetskonferanse. Målgruppa er hovudsak alle tilsette i Helse Førde, men alle andre som er engasjert i utvikling av helsetenestene er også velkommen til å delta.

Kvalitetskonferansen 20.10. 2016:

Tema: Dersom pasientane fekk bestemme
– utvikling av pasienten si helseteneste.
Nasjonal helse- og sjukehusplan – gjeld dette meg?

Føredragshaldarar:

Bernt Høie er helse- og omsorgsminister i regjeringa Solberg.

Eilert Jan Lohne er adjunkt i realfag, dr. philos i etikk, forfattar og politikar. Han har
personleg erfaring med å vere pasient i Helse Førde.

Per Skaugen Bleikelia er direktør/ansvarleg tilretteleggar ved Ringerike sykehus. Han fekk Den Norske Legeforenings lederpris for 2014.

Karin Hjertaker er seniorkonsulent/pedagog med fleire tilleggsutdanningar, m.a. innan psykologi, organisasjon/leiing og coaching.

Hans Johan Breidablik er fagdirektør i Helse Førde. Han har doktorgrad innan sjølv opplevd helse hos ungdom

Trykk her for å sjå video frå Kvalitetskonferansen 2016