Folkehelse:

God folkehelse blir skapt gjennom god samfunnsutvikling. Samstundes er folkehelsa ein viktig faktor for god utvikling. Det er ei rekke forhold i samfunnet som verkar inn på folkehelsa, som til dømes bustad, utdanning, arbeid og fysiske og sosiale miljø. Samspelet mellom desse forholda kan skape både positive og negative ringverknader. Å fremme befolkinga si helse er et viktig mål i seg sjølv. Det skaper meir velferd og livskvalitet for den enkelte. I tillegg er befolkinga si helse avgjerande ressursar for samfunnet – det er ei samfunnsoppgave å forvalte denne ressursen på best muleg måte. Å identifisere utfordringar og ressursar for befolkninga si helse skal vere grunnlag i det fortløpande folkehelsearbeidet og med planlegging etter plan- og bygningslova. Det er ikkje slik at den samla folkehelsesituasjonen i ein kommune, eit fylke, eit land berre er summen av individuelle val og genetiske føresetnader. Det er store geografiske skilnader og føresetnader som er skapt av samfunnsmessige forhold. Desse kan vi påverke gjennom planlegging, forvaltning og tiltak.

Ei god folkehelseoversikt baserer seg på data om levekår, sjukdomstilstand, kjenneteikn ved lokalsamfunna om helsetilstanden til befolkninga, samstundes som den vurderer påverknadsfaktorar, utfordringar og ressursar. Slik kan ein sikre eit treffsikkert folkehelsearbeid; at dei faktiske utfordringane blir lagt til grunn og at effektive tiltak blir sett i verk. Det er ei stor oppgåve å få oversikt over folkehelsetilstanden i kommunen. Det kan vere krevjande å sikre ein god prosess og å velje ut relevant statistikk.

Modellen av over av Dahlgren og Whitehead (1991) bryt med den medisinske tilnærminga i folkehelsearbeidet. Den har eit samfunnsperspektiv og ei multifaktoriell tilnærming som vekslar mellom individ og samfunn, og ei årsakskjede som strekk seg frå generelle samfunnstilhøve til eigenskapar ved enkeltmennesket. Dei ulike laga i modellen påverkar kvarandre gjensidig