Is self-rated health a stable and predictiv factor for allostatic load in early adulthood? Findings form the Nord Trøndelag Health Study (HUNT)

 Om artikkelen: Sjølv-opplevd helse – også kalla sjølv-rapportert helse (self-reported health; SRH) er eit mykje brukt mål på helse i epidemiologisk forsking. SRH er basert på spørsmålet – «Korleis er helsa di for tida?» og har vist seg å predikere både sjukdom og dødelegheit. Også i Sogn og Fjordane er SRH inkludert i helseundersøkingar. Det er også eit viktig spørsmål i klinisk samanheng. Det er derimot få studiar som har undersøkt stabiliteten og det biologiske grunnlaget for SRH. I denne studien, basert på data frå Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT), har forskarar bl.a. frå Helse Førde, undersøkt i kva grad SRH i ungdomstida er stabil til voksen alder, samt forholdet mellom SRH og biologisk dysregulering, målt med 11 ulike biomarkørar.

Les abstraktet til artikkelen her

Dersom du ønskjer å lese heile artikkelen og ikkje har tilgang kan du ta kontak med Tina Løkke Vie  email: tina.lokke.vie@helse-forde.no

 

Tobakksførebyggande arbeid mellom ungdomskuleelevar i Florø

Normund Svoen har skreve ein artikkel om effekten av tobakksforebygging blant ungdomskule elevar i Florø kommune. Bakgrunnen for prosjektet var at ungdommar i Florø hadde høgre tobakkforbruk enn gjennomsnitte i resten av landet. Resultatet viser svært god effekt av av holdningsskapande intervensjon.

Les heile artikkelen her:

Tobakksførebyggjande arbeid mellom ungdomskuleelvar i Florø (PDF)