Forskningsgrupper knytt til avdeling for helsefag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Helse Førde:

Folkhelse, livsstil og overvekt.
Fedme og livsstilsrelatert uhelse er veksande samfunnsutfordringar over heile verda. Difor trengst det forskingsbasert kunnskap om korleis ein best kan førebyggje og handtere desse tilstandane på måtar som ivaretek individet sin livskvalitet. Les meir om denne forskningsgruppa her.

Psykisk helse og rus
Mange menneske som slit med rusavhengigheit har også psykiske lidingar. Difor må behandlinga av rusavhengighet og psykisk sjukdom sjåast i samanheng, og det same gjeld forskinga på behandlingsmåta. Les meir om forskningsgruppa her

Samhandling og kvalitet i helse-og sosialtenestene
I Noreg jobbar 130.000 menneske i helse- og sosialtenestene, og det offentlege brukar 95 milliardar kroner på desse tenestene kvart år. For forskarar er det viktig å dokumentere kor gode og effektive tenestene er. Les meir om denne forskningsgruppa her

Kvalitet og innovasjon i eldreomsorga
Dei næraste åra vil eldreomsorga måtte takle store utfordringar. I 2050 kjem Noreg til å ha dobbelt så mange over 65 år. Det betyr mellom anna at samfunnet må ta seg av dobbelt så mange personar med demenslidingar. Les meir om denne forskningsgruppa her.