Elektronisk meldingsutveksling

Frå 2016 skal alle legekontor og vaktsentralar i Norge sende tilvisingane elektronisk og ikkje pr. post. Unntak elektronisk meldingsutveksling i Sogn og Fjordane er: tilvisingar til PBU, purring på tilvisingar/tilleggsinformasjon, og rekvisisjonar til radiologi og laboratoria (førebels).

Helse Førde HF samarbeider med legekontor og legevaktsentralar i Sogn og Fjordane om elektronisk meldingsutveksling, dvs. at tilvisingar og epikriser vert sendt elektronisk mellom legekontor og helseføretak. Det er eit mål at meldingane skal verte sendt elektronisk og ikkje på papir. For indikatoren «Elektronisk meldingsutveksling, tilvisingar» i Samhandlingsbarometeret vert det framstilt kor mange prosent av alle tilvisingar som vert sendt elektronisk per kommune.

Fordelen med elektroniske meldingar er mellom anna at sendar, gjennom systemet, får ei kvittering når meldinga er mottatt. Legekontoret vil såleis ha ein garanti for at tilvisinga har nådd fram. Overføringa vil også skje raskare frå tilvisar til helseføretaket enn ved bruk av papirsending, og meldinga kjem direkte i pasientjournalen. Det er mindre risiko for at tilvisinga kjem på avvegar enn dersom den vert sendt på papir.

Data frå Samhandlingsbarometeret viser at dei fleste kommunane i dag sender over 95% av tilvisingane elektronisk. Fjaler toppar med 99% og er tett følgt av kommunane Askvoll, Aurland, Flora, Gaular, Luster, Vik og Sogn lokalmedisinske senter (Sogn LMS) med 98%. Solund er den einaste kommunen som ikkje nyttar elektronisk meldingsutveksling. Når dei startar opp kan vi seie at elektronisk meldingsutveksling er innført i heile fylket.

Statistikken for elektronisk meldingsutveksling kan du sjå på Samhandlingsbarometeret

 

Av Maria Holsen