Sjukepleiestudentar i praksis i Samhandlingsbarometeret

Samhandlingsbarometeret har dei siste åra hatt studentgrupper utplasserte i praksis i emneområdet førebygging, der dei skal skrive oppgåve om eit valt tema. Hausten 2021 hadde ei gruppe på 4 studentar praksisperiode i SB.

Etter demonstrasjon av variablar i barometeret valde studentane å sjå på problematikken omkring utanforskap mellom unge, i utgangspunktet eit ganske krevjande og samansett emneområde.

Nemninga NEET blir ofte brukt internasjonalt, og er definert som personar som ikkje er i arbeid, utdanning eller under opplæring. Det å falle utanfor samfunnet vil kunne ha konsekvensar på både samfunns- og individnivå. SB har eigen indikator for utanforskap hos yngre/andre.

Spørsmålet studentene ville finne ut om var følgjande: “Hvorfor er menn i alderen 16-25 år mer utsatt for utenforskap enn kvinner?”

Studentane studerte taldata, og gjekk gjennom aktuell forskingslitteratur på området. Etter dette avtalte dei å intervjue nøkkelpersonar i eit par kommunar om problematikken lokalt (NAV/Helsearbeidar).

Avslutninga på oppgåva er følgjande:

«I problemstillingen vår ønsker vi å finne svar på hvorfor gutter er mer utsatt for utenforskap enn jenter. Ifølge statistikk og forskning viser det at det ikke er signifikante forskjeller mellom gutter og jenter når det kommer til utenforskap. Annen forskning viser at det er flere jenter som er utenfor enn gutter, men at dette er innenfor spesielle aldersgrupper. Dette henger sammen med graviditet, utsatt utdanning, permisjon uten lønn osv. Det kan gjøre problemstillingen vår kan bli motsigende. I tillegg viser statistikk risikogrupper som innvandrere med språk-, integrering- og kulturforskjeller. Barnevernsbarn og de som har hatt en trøblete barndom med omsorgssvikt og økonomiske vansker har større sannsynlighet for å falle utenfor. De med lav sosioøkonomisk status er også mer utsatt for å havne under kategorien NEET senere i livet.

En vil nok aldri finne et presist svar på hvorfor gutter har en høyere sannsynlighet enn jenter til å falle utenfor, men det kan tenkes at det har sammenheng med at de har vanskeligheter for å åpne seg opp om sine psykiske lidelser, sliter med å mestre skolen og har lettere for å ikke bli tatt på alvor. For eksempel kan det med å skape relasjonsbygging være en stor faktor for å hjelpe et annet menneske ut av en vanskelig situasjon. Det å utnytte de ressursene som er tilgjengelige både gjennom NAV, IPS og helsesøster vil hjelpe å fremme mestring hos en person som er på vei til å falle/har falt utenfor. Ved å ta tak i «dem» det gjelder tidlig og utjevne sosiale forskjeller, sammen med å ha motiverende intervju som motiverer personen til endring, kan ha stor helsefremmende effekt. Det er viktig å opplyse både elever på ungdomsskolen og videregående om hvor stor betydning det har å få seg en utdanning og sette lys på hvilke konsekvenser det har på både individ- og samfunnsnivå. Utenforskap må forebygges på ulike arenaer, ikke bare i helsesektoren».

Samhandlingsbarometeret takkar studentane for eit godt og interessant samarbeid.

Navn fra venstre: Tuva Nes Hansen, Maren Søyland, Malin Frækaland og Thea Skarsgård

SAMHANDLINGSBAROMETERET I NY DRAKT

Helse Førde har beslutta å legge ned eksisterande Samhandlingsbarometer innan kort tid. Grunnen til dette er at dataene ikkje har vorte oppdatert det siste året, då vi har brukt ressursane på å utvikle ein ny versjon. Teknologien som er nytta som presentasjonsverktøy fram til i dag er blitt forelda og vert ikkje utvikla vidare av dei som eig programmet.

Nytt Samhandlingsbarometer vert opna på nyåret.

Samhandlingsbarometeret har eksistert sidan Samhandlingsreforma vart gjennomført i 2012. Første åra inneheldt det data frå dåværande Sogn og Fjordane, tilsvarande opptaksområdet for Helse Førde. Etter kvart vart det lagt inn data for resten av Helse Vest sine helseføretak og opptakskommunar, og også Helse Nord tok det i bruk for sine sjukehusområde.

Den eksisterande portalen har på mange måtar fungert etter si hensikt og gjort det mogleg å arbeide interaktivt, drive samanlikningar mellom kommunar og ta ut data for vidare bearbeiding til eige bruk lokalt.

I eksisterande Samhandlingsbarometer har ein fått fram følgjande utgangsbilde når ein eksempelvis ser på reinnlegging av pasientar innan 30 dagar.:

Dette viser omfanget av reinnlegging innan 30 dagar etter utskriving frå sjukehus pr. 1000 innb. i kommunen frå Noreg samla, Helse Vest samla, Helse Førde samla og kvar einskild kommune i opptaksområdet.

I den nye løysinga vil same indikator reinnlegging framstillast slik:

Opningsbiletet viser tre ulike presentasjonar i same bildet. Først ein tabell delt i aldersgrupper der Noreg, Helse Vest og Helse Førde kjem fram i tillegg til dei tre kommunane Gloppen, Kinn og Lærdal, som vi har haka av. Figuren oppe til høgre viser utvikling over tid, og nedre til høgre er ein kartpresentasjon med fargar knytt til verdien for kommunen der ein kan peike på kommunen for å få fram meir opplysningar om denne.

Datakjeldene vi nyttar har også endra seg over tid i retning av større og nasjonale basar som t.d. Norsk Pasientregister med data for heile landet. Dette gjer at vi utan mykje meirarbeid kan presentere data for alle delar av Noreg.

Det nye Samhandlingsbarometeret vil ligge opent på nett på nyåret, i fyrste omgang med eit avgrensa tal på indikatorar (variablar).

Rusbruk mellom ungdom i vidaregåande skular– endring i perioden 2017-2021

Ordførar Menes i Sogndal kommune ytra for få dagar sidan ei uro knytt til cannabisbruk blant  ungdom i Sogndal.

I Samhandlingsbarometeret har vi på bakgrunn av dette vald å sjå på tal som kjem fram i Ungdata-kartleggingane. Desse blir organisert av Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet i samarbeide med KoRus – landets sju regionale kompetansesenter innan rusfeltet. Kommunar og fylkeskommunar er ansvarlege for den praktiske gjennomføringa i samarbeid med skulane. Ungdata er finansiert av Helsedirektoratet.

Ungdata gjer kvart 4. år skulekartleggingar både i grunn- og vidaregåande skular. Dette gjev eit godt grunnlag for å følgje trendar over tid når det gjeld området rusbruk, dersom vi antek at elevane svarar like ærleg på dei same spørsmåla over tid.

Vi har her valdt å sjå på utviklinga for alkoholrusing, cannabisbruk og daglegrøyking nasjonalt og i tre større kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane (Sogndal, Sunnfjord og Kinn).

 

Fig 1 Alkoholrusing

Vi finn ein auke i alkoholrusing for VG1 i alle tre kommunane, og mest i Sunnfjord. For VG2 og VG3 er det klar auke i både Sogndal og Sunnfjord, men ein viss nedgang i Kinn.

Fig 2. Cannabisbruk siste året

For Sogndal er cannabisbruk uendra i VG1, men ein auke i både VG2 og 3. Sunnfjord har ein betydeleg auke særleg i VG3. Kinn ligg høgare enn dei andre, og både Sunnfjord og Kinn har ei tre-dobling i perioden for VG3-elevar. Kvar fjerde elev i Kinn oppgjev å ha brukt cannabis siste året. I befolkninga samla i Noreg ligg det på 5% (SSB).

Fig 3. Røyking fast

For tobakksrøyking har Sogndal ein nedgang i perioden, og særleg lågt i VG3.

Sunnfjord har ein klar auke, medan Kinn berre har gått opp på VG3. I befolkninga samla er talet 9% (SSB).

Konklusjon: Samla sett ser alkoholrusing ut til å auke mellom ungdom i vidaregåande skular og særleg for Sunnfjor og Sogndal sin del. Cannabisbruken har markert auke og ligg klårt over vaksenbefolkninga i Noreg. For røyking har Sunnfjord negativ utvikling, men samla ligg elevane under nivået for vaksenbefolkninga i Noreg.

Lenke til kjelde:

https://www.ungdata.no/

Samhandlingsnytt September 2021

Samhandlingsnytt for September 2021 kan du lese her (og i arkivet vårt);

Samhandlingsnytt September 2021

Arbeidet mot antibiotikaresistens i spesialisthelsetenesta

Regjeringen la i juni 2015 fram Nasjonal strategi mot antibiotikaresistens (2015 – 2020) med eit mål om å redusere bruken av antibiotika i befolkninga med 30 prosent innan 2020 sammenlikna med 2012.

Korleis gjekk det i Helse Vest?

Førebygging av antibiotikaresistens var eit sentralt tema før koronapandemien overskygga det meste av nyhendebildet. Stortinget hadde tidlegare bede regjeringa om å kome med ein handlingsplan for å redusere det totale forbruket av antibiotika med 30%

For spesialisthelsetenesta vart dette målet konsentrert om bruken av såkalla «breispektra» antibiotika, som verkar mot mange ulike bakterieartar samstundes, og desse er dei mest resistensdrivande antibiotikatypane. Det vart så sett i gang eit betydeleg apparat i føretaka med sikte på å nå målsettinga.

Sidan perioden no er over er det interessant å sjå i kva grad føretaka i Helse Vest nådde dette politisk pålagde målet.

Antibiotikabruk inngår i dei Nasjonale Kvalitetsindikatorane og vi har henta og limt inn statistikk frå desse:

Figuren syner ein positiv nedadgåande tendens i antibiotikabruken dei første åra, men frå 2018 og utover er det fleire føretak som aukar forbruket igjen.

Om vi reknar ut prosentvis endring frå tabellen frå 2012-2020 får vi  følgjande:

  • Helse Stavanger: 18,4 – 16,1 dvs. 12,5% nedgang
  • Helse Fonna: 19,3 – 16,9 dvs. 12,4% nedgang
  • Helse Bergen: 17,6 – 14,6 dvs. 17% nedgang
  • Helse Førde: 17,4 – 15,4 dvs. 11,5% nedgang
  • Haraldsplass (HDS): 18,5 – 11,8 dvs. 36,2% nedgang

 

Konklusjon:

Ingen av dei fire føretaka nådde målsettinga, og berre Helse Bergen nådde så vidt over halvparten av målsettinga på 30%. Smittevernlege i Helse Førde Bent-Are Hansen stadfestar at etter ein nedgang der Helse Førde var innafor målsettinga i 2018, fekk ein igjen på nytt oppgang i bruken slik illustrasjonen øvst viser. Han nemner skifte av fokus og innsats mot Korona, inkludert auka innkjøp av antibiotika i ein periode, kan ha vore medverkande.

Derimot nådde Haraldsplass Diakonale sjukehus (private ideelt drive) over målsetninga med 36% nedgang. Bent-Are Hansen har tidlegare arbeidd på Haraldsplass og har denne kommentaren:

«Vi har mye å lære av Haraldsplass, spesielt dette med systematisk og kontinuerlig jobbing. Fokuset deres er primært ikke å redusere bruken av bredspektret, men å gi korrekt antibiotika til rett tid».

Data for busetnadsmønster i Samhandlingsbarometeret

Debatten om sentralisering/desentralisering har vore eit sentralt tema i det politiske ordskiftet dei seinare åra. Vi har hatt sentralisering mot dei større byane over lang tid historisk. Sentralisering internt i regionar og kommunar er aktuelle problemstillingar framover, t.d. innan helse- og omsorgstenestene. Det er klare tendensar til at eldre etablerer seg på nytt i lettstelte og funksjonelle bustader meir sentralt i kommunen sin. Organisering av t.d. heimetenester og kommunale institusjonar er også del av denne problematikken.

I nytt Samhandlingsbarometeret, som framleis er under utvikling, er det på hovudlinja teke inn tre sentrale parametrar for områder/kommunar: Folketal samla, andel av befolkninga 80 år og over, og andel som bur utanfor tettstadar (spreiddbygdheit):

Tal for Noreg samla:

Vi ser her at andelen av befolkninga som er 80 år og over er på 4,2%, og at 18% av befolkninga bur spreidd.

Tilsvarande for t.d. Hyllestad kommune:

Denne kommunen, med 1 366 innbyggarar, har ein adel av gamle som er høgare (6,5%) enn for Noreg, og er heilt prega av spreiddbygdheit.

 

Spreiddbygd, eller tettbygd, handlar om korleis busetnaden ligg i forhold til annan busetnad (busetnadsstruktur). Det er altså noko anna enn graden av sentralitet, som fortel om korleis plassen ligg i forhold til eit senter (t.d. kommunesenter) med sentrale funksjoner som t.d. helsetilbod, post, bank, handel og anna service.

Statistikken er basert på SSB sin definisjon av tettstad:

Ein samling av hus skal registrerast som ein tettstad dersom det bur minst 200 personar der og avstanden mellom husa normalt ikkje overstig 50 meter. Det er tillate med eit skjønnsmessig avvik utover 50 meter mellom husa i område som ikkje skal eller kan byggast på. Hus-klynger som naturlig høyrer med til tettstaden vert teke med inntil ein avstand på 400 meter frå tettstadskjernen. Desse inngår i tettstaden som ein satellitt til sjølve tettstadskjernen.

Sogn og Fjordane har størst spreiddbygd busetnad i landet, noko som har stor betydning både for folketalsutvikling, organisering og kostnader knytt til offentlege tenester. Det betyr også mykje for graden av sentralisering som kan forventast framover, både internt i kommunen og til større byar lenger vekke.

Utanforskap hos unge (16-25 år)

Utanforskap er eit uttrykk som i daglegtale blir brukt om manglande sosial tilknyting til samfunnet rundt. Uttrykket beskriv ein situasjon der enkeltmenneske eller grupper av personar står utanfor samfunnet på viktige arenaer, til dømes ved at dei ikkje deltek i arbeidsliv eller er under utdanning/opplæring, eller der dei manglar språkleg eller kulturell tilknyting til samfunnet elles.

Personar som er i denne gruppa over eit år ser ut til å ha meir varige problem med å kome inn på arbeidsmarknaden. Ein del av desse vil vere å finne mellom arbeidsledige, mens andre går ut av arbeidsstyrken ved at dei etter kvart sluttar å søke etter arbeid. Blant dei som blir verande utanfor over lengre tid, er det klar overvekt av unge med helseutfordringar, og utan fullført vidaregåande opplæring.

Ein vanleg nytta forkortelse er NEET «Not in Education, Employment or Training», som altså blir brukt om ungdom utanfor arbeid, utdanning eller opplæring.

I ein SSB-rapport frå 2017 var årsaksfordelinga av gruppa nasjonalt her i landet som i figuren under, og omfatta dette året 115 000 personar eller 11% av unge i alderen 15–29 år. For meir enn halvparten var statusen (årsaka) ukjend.

Dette er ei utsett og sårbar gruppe, og Samhandlingsbarometeret (SB) har teke inn variabelen Utanforskap hos ungdom under kapittelet Oppvekst og levekår. Data her er henta frå FHI og aldersinndelinga er her frå 16-25 år. I 2019 omfatta dette 12% av gruppa. Innvandrargruppene har betydeleg høgare andel med utanforskap, men i SB har ein valt å ta inn det samla talet for alle grupper. Særleg den yngre gruppa i utanforskap har stor merksemd, også politisk for tida.

Eksempel frå det nye SB-sida basert på presentasjonsverktøyet Power-BI, som er under utvikling. Vi tek her fram nabokommunane Aurland og Vik i Sogn som døme.

1.Aurland kommune i Indre Sogn for året 2019 og utviklinga over seinare år:

Vik kommune har låge andelar av unge i utanforskap dei seinare åra, men også her er menn i fleirtal. Kommunen ligg klårt under gjennomsnittet for Noreg og Helse Førde sitt opptaksområde (tidlegare Sogn og Fjordane).

Kjelde: Folkehelseinstituttet (FHI) Kommunehelse

Studentgruppe i praksis ved Samhandlingsbarometeret

Samhandlingsbarometeret (SB) har dei siste åra teke imot ei gruppe på fire sjukepleiestudentar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) knytt til oppgåver dei skal skrive innan emneområdet førebyggande og helsefremmande arbeid. Studentane har vore med på ordinære møter i SB for å få forståing for data og innblikk i korleis ein arbeider med data.

Innan området Folkehelse er forventa levealder ved fødsel ein av dei mest sentrale måleparameterane. Som vi veit har denne gått stadig oppover i dei fleste land, noko som også er forventa å halde fram i Noreg. Eit av dei tre hovudmåla for folkehelsa i Noreg er å være mellom dei tre landa i verda med lengst levealder (fleire land har passert oss i dette over dei seinare åra). Det er kommunane som er tillagt hovudansvaret for folkehelsearbeidet i Noreg.

Studentane fekk i oppgåve å ta utgangspunkt i to nabokommunar i Indre Sogn (Årdal og Lærdal) som har ulik forventa levealder, særleg for menn, sjå figur under.

Oppgåva for studentane var så å prøve å peike på mogelege årsaksforklaringar (helsedeterminantar) til denne skilnaden. Dette gjorde dei ved å søke i tilgjengeleg statistikk, fag- og forskingslitteratur, samt å intervjue sentrale personar i administrasjonen i dei to kommunane.

Ved sidan av den skriftlege oppgåva skulle studentane også lage ein poster (presentasjonsplakat) med oppsummering.

Studentane konkluderer i oppgåva med at folkehelsekoordinator, organisering og system, samt høg politisk prioritet i kommunane er viktig for folkehelsearbeidet. Vidare er helsekompetanse viktig (høgare utdanning gjev høgare helsekompetanse og mindre sjukdom). Faktorar som er viktige i arbeidet med eldrebølga er velferdsteknologi, ei aktiv pasientrolle og berekraftig befolkningsutvikling.

Studentane sin poster:

Aukande inntektsforskjellar på Vestlandet?

I den politiske samfunnsdebatten høyrer vi stadig at skilnadane aukar i det norske samfunnet, og at dette blir sett på som ei uheldig utvikling.

Ein internasjonalt mykje brukt målestokk når ein skal måle inntektsskilnader mellom alle personar i befolkninga, eller i ei gruppe av befolkninga, er den såkalla GINI-koeffisienten, oppkalla etter den italienske statistikaren Corrado Gini. Denne går på ein skala frå 0 til 1. Den vil ha den teoretiske verdien 0 om alle hadde heilt lik inntekt, og utover til verdien 1 om all inntekt teoretisk hadde hamna hjå berre éin enkeltperson. Dette betyr at til lågare Gini-verdien er, til større likskap er det i inntektsfordelinga i området. Aukande Gini-koeffisient over tid tyder då mot aukande inntektsskilander.

Samhandlingsbarometeret har i sin nye versjon teke inn Gini-koeffisienten under temaet oppvekst og levekår (Folkehelse). Den kan seie noko om både det aktuelle nivået av inntektsskilnadane, og korleis dette målet har utvikla seg over tid.

Internasjonalt ligg Sør-Afrika på topp med ein koeffisient på 0,62 (2015), og Noreg ligg mellom dei lågaste med 0,25.

Ein annan sentral variabel er andelen av hushaldningar som har vedvarande låg inntekt. Vi viser denne som gjennomsnitt for 3-års periodar. Desse har mindre enn 60% av gjennomsnittet å leve for i samla inntekt etter skatt, og omfattar også faktorar som sosialhjelp og kapitalinntekter. Nasjonalt omfattar dette 10% av hushaldningane. Ofte er det fokus på born som veks opp i låginntektsfamiliane.

Eksempel på framstilling i nytt Samhandlingsbarometer:

Fig. 1 Gini-koeffisient og låginntektshushaldningar (barn 0-17 år) i Helse Vest-området fram til siste tilgjengelege data (2018 FHI Kommunehelsa).

I Helse Vest-området har Helse Stavanger-området ein Gini-koeffisient på det nasjonale nivået, medan Helse Fonna og Helse Førde ligg noko lågare med 0,22 (første rute over). I tidsperioden 2014-2018 har koeffisienten gått litt opp og ned, men samla er det ikkje nokon klar utviklingstendens som skulle tyde på endra inntektsskilnader (andre rute over).

Når det gjeld låginntektshushaldningar ligg Helse Vest sine føretaksområde under det nasjonale nivået og Helse Stavanger-området ligg 1,8% under landsgjennomsnittet. Men som den tredje ruta over viser er det aukande andel born i låginntektsfamiliar, og her har Helse Stavanger størst auke over tid. Den siste ruta over (kartvisning) viser skilnader i omfanget i dei ulike kommunane etter fargeintensitet.

Fig. 2. Tilsvarande for to større kommunar i Helse Førde sitt opptaksområde (Kinn og Sunnfjord) som eksempel.

Dei to kommunane har samla rundt 40 000 innbyggarar, der 4,5% er over 80 år og 26% bur spreidd utover (øvste linje). Begge har lågare Gini-koeffisient enn landsgjennomsnittet, med Sunnfjord som den lågaste. Det er heller ikkje her ei klar utvikling av koeffisienten over tid.

Når det gjeld andelar låginntektshushaldningar er det ein aukande tendens over tid, men Sunnfjord ligg her klart lågast med 7,0% mot Kinn 8,8%.

Oppsummert: Det er stor debatt omkring inntektsskilnader i samfunnet og korleis det går med desse. Basert på Gini-koeffisienten ser vi litt endring over tid, men det er her avgrensa tal år med i datamaterialet.

Det ser ut til å vere ein auke i andelen låginntektsfamiliar i kommunane Kinn og Sunnfjord, og det er klare skilnader mellom dei.

 

Datakjelde: Folkehelseinstituttet