Oppføringer av

Norsk helse- og helsesystem i internasjonal samanheng

Noreg har sidan 2007 delteke gjennom Folkehelseinstituttet i eit OECD-samarbeid omkring samanliknande indikatorar for helsetenesta («Health at a Glance»), der 35 ulike land deltek. Den siste rapporten omhandlar data frå 2015 og 2016. Ein har her teke med indikatorar for fylgjande område: Helsestatus med 11 indikatorar, der Noreg ligg i beste tredjedel for 6 av […]

Luster kommune mot straumen

Ei av målsetjingane i Samhandlingsreforma er at kommunane skal overta meir av pasientbehandlinga. Dette også for å avlaste spesialisthelsetenesta. Eit middel for å nå dette målet er dei såkalla kommunale akutte døgnavdelingane (KAD), også kalla øyeblikkeleg hjelp døgn (ØHD). KAD-sengene er særleg tenkt å kunne redusere innleggingar på indremedisinske avdelingar, som har mange pasientar med […]

Ingen klar samanheng mellom størrelsen på fastlegar si pasientliste og raten for planlagde tilvisingar til sjukehuspoliklinikkar

Samhandlingsbarometeret har no teke inn reine tal på tilvisingar til Helse Førde frå fastlegar i Sogn og Fjordane i tillegg til rate pr. 1000 som ein har hatt over tid. Dette er gjort for å unngå mistydingar mellom desse to variablane. Det har i seinare tid vore mykje merksemd på rekrutteringsvanskar til fastlegestillingar og at […]

Data fra ungdomsundersøkelsene i Sogn og Fjordane brukt i fagartikkel

Longitudinal relations between perceived autonomy support and basic need satisfaction in two student cohorts – Diseth, Breidablik og Meland Artikkelen bygger på selvbestemmelsesteori som er en metode for å forstå motivasjon og atferd, spesielt inne helse og skole. Teorien baserer seg på at mennesker er motivert til å tilfredsstille tre grunnleggende psykologiske behov, nemlig behovene […]

Oppdaterte data innan Samhandling og antibiotikabruk

Under kategorien Samhandling er indikatorane Utskrivingsklare pasientar og Reinnleggingar innan 30 dagar no oppdatert. Desse indikatorarane blir oppdatert tre gonger årleg, og du kan no sjå tal frem til første tertial i 2017 for kommunane og for heile fylket. Sjå dei nye tala i Samhandlingsbarometeret. I tillegg kan du finne tal for liggedøgn for utskrivingsklare […]

Tilvising til poliklinikk og innlegging pr. fastlege i 2016

Omfanget av tilvisingar av pasientar frå primærhelsetenesta til spesialisthelsetenesta er eit tema i mange land. Stor variasjon i slike tilvisingar reiser spørsmål om kor konsistent og rettferdig rolla som «portåpnar» for pasientane fungerer. Samhandlingsbarometeret har hatt omfanget av tilvisingar pr. 1000 på pasientlista frå dei ulike fastlegane inne i ei år-rekke. Det er viktig å […]

Samhandlingsnytt augusti/september 2017

I Samhandlingsnytt for augusti/september kan du lese om «Norges finaste legevakt» i Førde, Eldreatlas, rapport om sosiale skilnader i bruk av helsetenester og Irene Valaker sin forsking. Les Samhandlingsnytt her: Augusti/September 2017 Samhandlingsnytt sendes kvar månad ut av samhandlingssjefen i Helse Førde, Stig Igland, med informasjon om tema som er nyttige for både kommunane og […]

Samanheng mellom kommunestorleik og kostnadar til kommunehelse

I debatten om kommunesamanslåingar har eit spørsmål vore om større kommunar kan gje betre og billigare tenester. Kommunane rapporterer årleg statistikk i Kommune-Stat-Rapportering (KOSTRA) -systemet inn til Statistisk Sentralbyrå (SSB), og nøkkeltal for dette ligg også i Samhandlingsbarometeret. Gjennomsnittleg har kommunane i Sogn og Fjordane utgifter på kr. 3.392,- pr. innbyggar til kommunehelsetenesta i 2016.  Dette omfattar førebygging, […]

Sosiale skilnader i bruk av helsetenester

Statistisk sentralbyrå har nyleg publisert rapporten «Sosial ulikhet i bruk av helsetjenester», basert på levekårundersøkinga i 2015. Føremålet med rapporten er å kartlegge i kva grad det er sosiale skilnader i bruk av helsetenester i Noreg. Mange undersøkingar i ulike land, også Noreg, viser at det er sosiale ulikheiter i sjukdomsbyrde. Det er ein klar […]

Samhandlingsbarometeret er tilgjengeleg igjen!

Dei siste vekene har Samhandlingsbarometeret vore utilgjengeleg pga. tekniske problem. Feilen er no retta! Vi beklagar at det grunna ferieavvikling hjå Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD), som er systemeigar, har teke tid å rette feilen. Fortsatt god sommar! Av Emma Bjørnsen