Arkiv

Helsefellesskapa; første indikator er på plass i Samhandlingsbarometeret

Samhandlingsbarometeret har over tid hatt som mål å publisere indikatorar relatert til dei fire prioriterte pasientgruppene for dei 19 Helsefellesskapa i Norge. Ei av desse gruppene er personar med alvorlege psykiske lidingar. Her er det nasjonalt plukka ut eit sett med diagnosar frå ICD-10 systemet i spesialisthelsetenesta (F20: Schizofreni, F22-F29: andre psykoselidingar og F30-F31: alvorlege […]

Fagdag i geriatri fredag 7.oktober-22

Velkommen til fagdag i geriatri fredag 7.oktober-22, kl 08:00 – 15:30, Førde Sentralsjukehus – auditoriet. Tema: Gode helsetenester til den sårbare eldre pasienten. For meir informasjon – sjå vedlagt program. Program – Fagdag i geriatri 7 Målet med fagdagen er å styrke engasjementet med arbeidet for eldre og rom for refleksjon. Eit anna mål er […]

Samhandlingsnytt Juni 2022

Nytt nummer av Samhandlingsnytt er no ute – du kan lese det her: Samhandlingsnytt juni 2022

Antibiotikareseptar i kommunane

Første Kvalitetsindikator i Samhandlingsbarometeret – Antibiotikreseptar i kommunane FHI sin Antibiotikakomité har sett eit langsiktig mål om å kome ned på 250 reseptar/1000 innbyggarar per år. Sentralt i dette er arbeidet med å førebygge antibiotikaresistens, dvs. bakteriar som er motstandsdyktige. Antibiotikaresistens er eit aukande problem internasjonalt, og med aukande reiseverksemd har det også eit potensiale for […]

Invitasjon til Samhandlingskonferansen 2022: Frå part til partnarar – saman står vi sterkare

Samhandlingskonferansen 2022: Frå part til partnarar – saman står vi sterkare 1. og 2. november Scandic Sunnfjord Hotel, Førde Målgruppe: Overordna politisk og administrativ leiing i kommunane og Helse Førde. Leiarar innan helse- og omsorgssektoren, leiarar i Helse Førde, kommunelegar, leiarar i  fylkeskommunen, hos Statsforvaltaren og i universitets- og høgskulesektoren.   Vi ønskjer velkomen til […]

Kva er viktig for deg?-dagen 2022

Torsdag 9.juni markerast «Kva er viktig for deg?-dagen, for sjuande år på rad.​ Av: Ulltang, Marte  «Kva er viktig for deg?» har blitt ein internasjonal bevegelse og målet med denne dagen er å oppmuntre til fleire gode samtalar mellom helsepersonell og pasientar. Denne dagen gir ein muligheit til å stoppe opp og tenke litt over […]

Nyoppretta nettverk for kommuneoverlegar i Sogn og Fjordane

Nyvalt leiar for kommuneoverlegenettverket i Sogn og Fjordane, Kjell Arne Nordgård, kommuneoverlege i Kinn kommune (Bilete henta frå firdaposten 11.06.2021). Under arbeidet med å bygge Sogn og Fjordane helsefellesskap vaks det fram eit behov for å sikre samfunnsmedisinsk kompetanse frå kommunesida inn i det felles arbeidet med sjukehuset. Pandemien synte særskilt verdien av denne kompetansen […]